Digital pedagog

Norway Posted 4d First seen 4d
ATS Keyword Match See which key terms from this posting your resume already has. Free.

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.

Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Vil du vere med å forme framtidas fagskuleutdanning?

Fagskulen Vestland søkjer ein digital pedagog som vil bidra til å utvikle digitale undervisnings- og vurderingsformer og støtte faglærarar i bruk av digitale verktøy. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med å styrke den pedagogiske kvaliteten og digitaliseringa ved skulen.

Arbeidsstad: Førde eller Bergen


Arbeidsoppgåver
  • Bidra til vidareutvikling av strategiar for digitalisering undervisning og vurdering
  • Gi råd og støtte til leiargruppa i val av tekniske og pedagogiske løysingar.
  • Vere med å utvikle ein pedagogisk plattform og digital ressursbank.
  • Vere pådrivar for utvikling av digitale undervisningsopplegg
  • Bidra til kompetanseheving og brukarstøtte innan digitale system og læringsplattform
  • Følgje med på utviklinga innan kunstig intelligens (KI), og støtte faglærarar og studentar i bruk av KI i undervisning og vurdering
  • Rettleie faglærarar i bruk av digitale verktøy
  • Koordinere utviklingsarbeid på tvers av studiestader og fagmiljø
  • Andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
  • Pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå bruka av digitale verktøy i undervising og vudering
  • Erfaring frå bruk av kunstig intelligens i undervisnngs samanheng, og/eller innsikt i korleis KI påverkar vurdering og læringsprosessar
  • God forståing for pedagogiske prosessar og teknologiens rolle i læring
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og til å drive utviklingsarbeid
  • Ønskjeleg med erfaring med læringsdesign og digitale vurderingsformer
  • Ønskjeleg med erfaring med prosjektleiing eller koordinering av utviklingsarbeid på tvers av einingar
  • Ønskjeleg med erfaring med rettleiing av faglærarar i pedagogisk og digital utvikling
Personlege eigenskapar
  • Genuin interesse for læring og utvikling
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Strukturert og målretta.
  • Evnar å samarbeide tett med fagmiljøa og forstå undervisningskvardagen frå innsida
  • Evne til å motivere og rettleie kollegaer


Vi tilbyr
  • Ei spennande og utviklande rolle i eit framtidsretta fagmiljø.
  • Moglegheit til å påverke digital utvikling i fagskuleutdanning.
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

KontaktinformasjonEilert Årseth, ass. rektor , 47059233
ArbeidsstadOdd Frantzens plass 6
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5136808292
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Om arbeidsgiveren:

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.