Helse Bergen søker ein engasjert og dyktig matvert til teamet vårt!
Vi har ledig ein 15% fast stilling på Nordås ReHabiliteringsklinikken med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.
Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
- Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
- Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
- Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
- Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
- Fagbrev som kokk er ønskeleg
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5167783285
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.