Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar.
Rus- og Avhengighetsklinikken har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.
Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er organisert i 5 geografiske seksjonar, samt ei seksjon med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har ledig følgande stillingar:
* LAR Laksevåg har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar som behandlar med tiltreding 1. november. Arbeidstida i LAR er dagarbeid og kvar 4. eller 8. laurdag. For å oppretthalde samansetjinga i personalgruppa blir menn oppmoda om å søke.
Arbeidsoppgåver
- Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Ønskeleg med erfaring innan LAR eller innan fagfelta rus/psykiatri, gjerne i spesialisthelsetenesta
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Du må kunne tole menneske med høgt lidingstrykk og krevjande kommunikasjonsuttrykk
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og regelemssig internundervisning
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
- Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
ArbeidsstadDamsgårdsveien 227
5160 Laksevåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5166718910
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.