Kulturskulelærar 20%

Norway Posted 3d First seen 3d
ATS Keyword Match See which key terms from this posting your resume already has. Free.
Om stillinga

Vaksdal kommune har no ledig ei 20% mellombels stilling i kulturskulen fram til juni 2027.


Arbeidsoppgåver
  • Songundervisning og kor/ensemblesong.
  • Ønskeleg med ferdigheiter på piano.
  • Kulturarrangement/konsertar med deltaking frå kulturskulen.
  • Samarbeid med andre tilsette i kulturskulen.
  • Vaksdal Kulturskule jobbar med spennande utviklingsprosjekt, det kan derfor bli justeringar av oppgåver undervegs.

Kvalifikasjonskrav
  • Utdanning innan song og piano, eller annan relevant utdanning.
  • Personlege eigenskapar som kreativitet og god kontakt med born og unge.
  • Ønskeleg med erfaring frå kulturskule.
  • Godkjent politiattest.

Personlege eigenskapar
  • Du er påliteleg, open og ærleg.
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du tek del i utviklingsarbeidet og held deg fagleg oppdatert.
  • Kulturinteressert og kreativ med godt humør.
  • Samarbeidsretta og ein god relasjonsbyggjar.
  • Vi ønsker ein fleksibel og engasjert person som også evnar å arbeide sjølvstendig og å stå i ulike daglege utfordringar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter er sjølvsagt.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vaksdal Kommune kan tilby
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Individuell oppfølging.
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning.
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg.

Om arbeidsgiveren:

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.