Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:
Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.
Kviteseid skule søkjer ein serviceinnstilt og strukturert merkantil medarbeidar til eit vikariat knytt til sjukefråvær hos fast tilsett.
Vikariatet er i første omgang ut året 2026, men det kan bli aktuelt med forlenging dersom fråværet held fram. Den faste medarbeidaren kan òg kome tilbake i arbeid i løpet av vikariatstida.
Kviteseid skule er ein 10-årig skule med om lag 220 elevar og 50 tilsette. 1.–4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eige bygg. 5.–10. trinn held til i eit moderne og
nyrenovert skulebygg.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjonsteneste og enkelt sentralbord
- Arbeid med digitale elevmapper
- Arbeid med sakshandsamingssystemet Elements og elev-/personalsystemet Visma Flyt Skole
- Tilgangsstyring i ulike system for tilsette og elevar
- Fråværsregistrering
- System og prosessbygging
- Attestering av fakturaer og timelister
- Kontakt med elevar og føresette
- Administrasjon av skuleskyss
- Karakteroppgjer og vitnemål
- Posthandtering
- Bestillingar og innkjøp
- Ansvar for digitalt låssystem og nøklar
- Skulemjølk
- Andre administrative oppgåver etter behov
- Er serviceinnstilt og imøtekomande
- Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ynskjeleg
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Kjennskap til skuleverksemd er ynskjeleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Det er ein fordel med erfaring frå Elements og Visma Flyt Skole
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, med gode nynorskkunnskapar
- Må disponere eigen bil
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
ArbeidsstadSkulevegen
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5163682789
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 25.08.2026
Om arbeidsgiveren:
null