Stillinga er ledige frå 01.11.2026 eller etter avtale.
Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.09.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit.
Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.
OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfylgjing av pasientar
- Observasjon av pasientar (NEWS)
- Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Vi tenkjer at du:
- Er ein god teamarbeidar
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Likar utfordringar
- Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din
- Opplæring med fadder
- Medverknad til arbeidsplan
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sissel Marie Finne, assisterande seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5167851340
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 06.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.