Har du vurdert å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri?🌻
Dersom ikkje, bør du høyre kva Malin fortel om jobben som lege på BUP Haugesund:
"Eg elskar jobben min! Det er fantastisk å jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for å leike, herje, tulle og tøyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for å kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljø i særklasse som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet når eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!"
Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP
Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 ved oppstart av stillinga.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
Hos oss er det viktig at du
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- er nysgjerrig på menneske, relasjonar og psykisk helse
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og spør om råd eller støtte når du treng det
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.
Andre gode grunnar til å velje oss:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGeorg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
ArbeidsstadVinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5167287852
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.