Frå 1.oktober 2026 blir det ledig ei 100 % stilling som barnehagelærar ved Liene barnehage i Sør-Fron kommune.
Vi vil ta kontakt med søkjarar fortløpande og oppmodar interesserte til å søkje snarast.
Det blir bede om at vitnemål og attestar blir lagde ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utøve pedagogisk arbeid i tråd med godt fagleg skjønn
- Ansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og vidareutvikle arbeidet, og involvere øvrige tilsette i prosessen
- Medansvar for å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon, og leie endringsarbeid på eigen avdeling, samt bidra til å leie heile barnehagens endringsarbeid
- Sikre gode rutiner for kvart einskild barn sin trivsel, utvikling og behov
- Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar.
- Ansvar for foreldresamtaler, foreldremøte, personalmøte og planleggingsdagar i samarbeid med styrar
- Halde seg fagleg oppdatert på ny kunnskap på barnehagefeltet
- Vere bevisst på, og bidra til, eit godt språkmiljø i barnehagen
- Bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode IKT-kunnskapar
Politiattest, jf. barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.
- Er engasjert, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne
- Er den trygge vaksne som skaper tryggleik gjennom faste rammer, stabilitet, varme og omsorg
- Har evne til å utforske og undre seg saman med barna
- Er sjølvstendig og trygg på seg sjølv
- Har god relasjonskompetanse
- Er løysingsorientert, fleksibel, har gode samarbeidsevner og evne til å leie eit team
- Har godt humør og eit positivt menneskesyn
- Ferdigheiter i å uttrykke seg fagleg, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
- Eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet
- Eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider
- Lønstillegg for barnehagelærarar som arbeider i minst 75 % stilling, elles tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Tilsettinga er etter vilkår av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Alle søknader skal sendast via rekrutteringssystemet på heimesidene til Sør-Fron kommune. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Sør-Fron kommune søker også etter vikarar på tilkalling til barnehage og skule. Sjå eigen annonse på kommunen sine heimesider.
Eivind Lund, kommunalsjef, 90793155
ArbeidsstedGlasmestermoen 8
2647 Sør-Fron
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune
Referansenr.: 5168980360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Om arbeidsgiveren:
null