Barnehagelærar, i inntil 100% vikar

Norway Posted 2d First seen 2d
ATS Keyword Match See which key terms from this posting your resume already has. Free.
Om stillinga

Det er ledig i inntil 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved eining Byrknes barnehage og skule, frå rundt midten av desember og ut april 2027. Det kan verte aktuelt med noko forlenging av vikariatet.

Gulen kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar med fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barn skal møte trygge og kompetente vaksne som gir barna ein god start på vegen vidare i livet. Ynskjer du å gi barn i barnehagen opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar, då må du søke stilling hjå oss.

Følg link for meir informasjon om barnehagen: Byrknes barnehage - Gulen kommune


Barnehagane i Gulen har:
  • Eit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
  • Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
  • Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
  • Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg
  • Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag
  • Grunnleggjande digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling


Personlege eigenskapar
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
  • Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
  • Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
  • Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Om arbeidsgiveren:

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2317 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.