Rådgivar innan monitorering, evaluering, analyse og læring (MEL)

ATS Keyword Match See which key terms from this posting your resume already has. Free.
Vil du bruke analyse og evaluering til å skape betre kunnskap om resultata av norsk bistand?

Vi har ledig eit vikariat med oppstart så snart som mogleg og fram til 30.09 2027. Vi ser etter deg som har erfaring med analyse- og resultatarbeid, og som vil bidra til at kunnskap frå prosjekt, rapportering og evalueringar blir brukt til læring, utvikling og betre resultat.

Stillinga er plassert i seksjon for kunnskap og læring. Seksjonen har ansvar for læring, evaluering, analyse, nettverksarbeid og opplæring av deltakarar og samarbeidspartnarar i Norec sitt utvekslingsprogram.

I denne rolla får du vere med på å vidareutvikle Norecs arbeid med resultatstyring, evaluering og læring. Du får også bidra til digitalisering og utforske korleis kunstig intelligens kan nyttast på ein trygg og relevant måte.

Stillinga kan vere mellom 60 og 100 prosent, etter avtale.


Ansvars- og arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna:

  • bidra til å formidle resultat og analysar slik at dei kan brukast til læring og utvikling
  • vidareutvikle og kvalitetssikre rutinar for evaluering og monitorering
  • støtte oppfølging av prosjekt og bidra til kvalitetssikring av søknader, rapportar, indikatorar og resultatrammeverk
  • gjennomføre porteføljeanalysar og bruke funna i resultatrapportering og strategiske vurderingar
  • bidra til å utvikle betre digitale løysingar for innsamling, analyse og bruk av resultatdata, mellom anna ved hjelp av KI

Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?

Er du nysgjerrig på arbeidsmiljøet, kulturen eller korleis det er å ha Norec som arbeidsplass?

Ta gjerne kontakt med nettverksrådgivar Tonje Polden Steinsland på e-post.

Har du spørsmål om sjølve stillinga kan du ta kontakt med seksjonsleiaren. Du finn kontaktinformasjon nedst i annonsen.


Kvalifikasjonar
  • relevant høgare utdanning (minimum bachelor). Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • minst fire års erfaring frå analyse, resultatstyring, evaluering eller læringsarbeid
  • erfaring frå norsk bistandsforvaltning eller arbeid med berekraftig utvikling, til dømes knytt til FNs berekraftsmål
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Om deg

Vi ser for oss at du

  • arbeider analytisk
  • klarar å setje deg inn i mykje informasjon, sjå samanhengar og trekkje ut det viktigaste
  • klarar å omsetje analysar og resultat til kunnskap andre kan bruke
  • trivst med å samarbeide på tvers av fagområde
  • tek intitativ og driv fagarbeidet framover

Norec er ein verdibasert arbeidsplass. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og at du møter andre med respekt.


Vi tilbyr
  • moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse

Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Stillinga blir lønt som rådgivar eller seniorrådgivar innanfor statens lønnsregulativ:

  • Rådgivar (kode 1434): - 483 300 - 750 000 kroner
  • Seniorrådgivar (1364): - 558 000 - 840 000 kroner

    Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.


Les dette før du søker:
  • I Norec trur vi mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
  • Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du er kvalifisert for stillinga. For å bli vurdert for positiv særbehandling må du krysse av for dette når du søker.Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar får kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her.
  • Opplysningane blir berre brukte i samband med positiv særbehandling og til anonymisert statistikk.
  • Når søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg søkjarliste. Dersom du ikkje ønsker å stå på søkjarlista, må du krysse av for dette og grunngi ønsket i søknaden. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan imøtekome ønsket.

Om arbeidsgiveren:

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er ein etat under Utanriksdepartementet. Vi jobbar for å styrke internasjonalt samarbeid og bidra til måla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk.

  • Norec legg til rette for globale partnarskap og nettverk gjennom utveksling av personell og kompetanse.
  • Som kompetansesenter utviklar og deler vi kunnskap om utveksling og internasjonalt samarbeid. Vi legg også til rette for rekruttering av nordmenn til internasjonale organisasjonar.

Norec held til i Førde og har om lag 60 tilsette. Les meir om oss på www.norec.no