Fjaler Sjukeheim har no ledig 100% stilling som Helsefagarbeidar, og vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell- kvar einaste dag. Våre tenester er i endring for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring.
Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg.
I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at Helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdeling.
Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Denne ordninga er for tida frivillig.
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
- Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte.
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar.
- Dokumentasjon og oppfølging i tråd med gjeldande rutiner.
- Medikamenthandtering.
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane.
- Jobbe kunnskapsbasert.
- Jobbe for auka fagleg utvikling.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og på tvers av avdelingane.
- Vere ein god rollemodell.
- Rettleiing av elevar og studentar i praksis.
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
- Du er omsorgsfull, pålitelig og engasjert
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- God på kommunikasjon
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
- Engasjement for eldreomsorg
- Fleksibel og med gode samarbeidsevner
- Godt humør
Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Fadderordning
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Fjaler sjukeheim har totalt 35 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta. Sjukeheimen har starta opp med arbeid knytt til oppgåvdeling – TØRN. Våre tenester vert tilpassa for å møte framtida sine behov, og vi har mange spanande oppgåver.